page view image

Konsert Kabuso - Hardanger Big Band og Briotrio

Storbandkonsert:
Briotrio i leikent samspel med Hardanger Big Band, eit storband i storform!
Kabuso søndag 19.april 2026 kl. 18.00.

Information
event image

Storbandentusiastane Arild B. Nielsen og Ingrid Ø. Steinkopf har begge blitt tildelt Norsk Jazzforum sin storbandpris, Ingrid i 2020 og Arild i 2021. Dei er begge nyfikne på ny musikk, og nye former for samarbeid - og eit felles prosjekt mellom Briotrio og Hardanger Big Band vart fødd, eit samarbeidsprosjekt mellom det frivillige kulturlivet i Hardanger og det profesjonelle jazzmiljøet i Bergen.

Låter frå Briotrio sitt univers er løfta inn i storbandformat i nyskrivne arrangement og med ei besetning som inkluderer dobbel kompgruppe og solistar. Her får publikum oppleva ein konsert med eit nytt og spennande klangunivers med stort spenn, store kontrastar og mykje energi - servert med eit variert og dynamisk uttrykk. 

Alle er hjarteleg velkomne!

Briotrio:         Ingrid Ø. Steinkopf - piano/fløyte

                 Thomas A. Lossius - kontrabass

                           Arne S. Sjøen - trommer/vokal

Hardanger Big Band:

Musikalsk leiar  Arild B. Nielsen - trompet

Vokal               Anne Cathrine Eiken

Sax                 Angunn Handegard Trå

                          Tore Gjelsvik

                          Anne Karin Stormyr

                          Michael Barnes

                         Ann-June C. Fykse

Trombone     Grete Iversen Lillefosse

             Trond Steinstø

             Olai Mostad

Trompet      Mette S. Fonneland

            Solveig-Marie Huus

            Åse-Karin Strønen

            Sarah Marie Røstbø

Piano       Gro Belsnes Eide

Gitar        Håvard Ukvitne

Trommer    Lars Håvard Birkenes

Lyd         Eivind B. Nielsen

Crew         Jan-Tore Huus

---------

Pris: kr 300 vaksen, og kr 150 born/student - vipps/kontant/TicketCo

Arr: Hardanger Big Band og Briotrio

storband konsert sang song musikk hardanger briotrio samspill samspel bigband kabuso

Restriktioner

Billett born under 15 år. Studentar må visa gyldig studiebevis.

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.