Hardanger Big Band og Briotrio - Arna kyrkje
Storbandkonsert:
Briotrio i leikent samspel med Hardanger Big Band, eit storband i storform!
Arna kyrkje laurdag 18.april 2026 kl. 18.00.
Storbandentusiastane Arild B. Nielsen og Ingrid Ø. Steinkopf har begge blitt tildelt Norsk Jazzforum sin storbandpris, Ingrid i 2020 og Arild i 2021. Dei er begge nyfikne på ny musikk, og nye former for samarbeid - og eit felles prosjekt mellom Briotrio og Hardanger Big Band vart fødd, eit samarbeidsprosjekt mellom det frivillige kulturlivet i Hardanger og det profesjonelle jazzmiljøet i Bergen.
Låter frå Briotrio sitt univers er løfta inn i storbandformat i nyskrivne arrangement og med ei besetning som inkluderer dobbel kompgruppe og solistar. Her får publikum oppleva ein konsert med eit nytt og spennande klangunivers med stort spenn, store kontrastar og mykje energi - servert med eit variert og dynamisk uttrykk.
Alle er hjarteleg velkomne!
Briotrio: Ingrid Ø. Steinkopf - piano/fløyte
Thomas A. Lossius - kontrabass
Arne S. Sjøen - trommer/vokal
Hardanger Big Band:
Musikalsk leiar Arild B. Nielsen - trompet
Vokal Anne Cathrine Eiken
Sax Angunn Handegard Trå
Tore Gjelsvik
Anne Karin Stormyr
Michael Barnes
Ann-June C. Fykse
Trombone Grete Iversen Lillefosse
Trond Steinstø
Olai Mostad
Trompet Mette S. Fonneland
Solveig-Marie Huus
Åse-Karin Strønen
Sarah Marie Røstbø
Piano Gro Belsnes Eide
Gitar Håvard Ukvitne
Trommer Lars Håvard Birkenes
Lyd Eivind B. Nielsen
Crew Jan-Tore Huus
---------
Pris: kr 300 vaksen, og kr 150 born/student - vipps/kontant/TicketCo
Arr: Hardanger Big Band og Briotrio
Restriksjoner
Billett born under 15 år. Studentar må visa gyldig studiebevis.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.